Om nettstaden

Målet med www.olav-duun.no er å samle og gjere tilgjengeleg mest og best mogleg informasjon om diktaren Olav Duun på ein nettstad. Vi ønskjer også å bidra til fornying og intensivering av formidlinga rundt forfattaren og nå ut til Duun-kjennarar så vel som lesergrupper som er ukjende med eller har liten kjennskap til Duun, i sær barn og unge. Nettstaden burde vere av betydning både lokalt, regionalt og nasjonalt og skal vere ein reiskap for dei aktive Duun-miljøa i Noreg.

www.olav-duun.no er del av prosjektet "Ny formidling Olav Duun", som vart støtta av Nasjonalbiblioteket og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Prosjektet var drive av tidlegare Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, frå 01.01.2018 Trøndelag fylkesbibliotek, i samarbeid med Olav Duun-stiftinga i Namdalen.