Tekststørrelse: 100%
Nokre sentrale årstal
-
1876: Olav Duun (Ole Julius Raabye) vert født på garden Stein på øya Jøa i Fosnes i Namdalen. I ungdomsåra er Olav aktiv i ungdomslaget, og han ror vinterfiske frå han var 16 år gamal til han var 25.
-
1901. Olav reiser til Levanger for å gå lærarskule der. Han får blant andre Vetle Vislie som lærar. Vislie hjalp Duun i gang som diktar og skal ha medverka direkte til at han debuterte, etter fleire forsøk.
-
1904-1905: Olav Duun går i gang med lærargjerninga si på Sakshaug skule i Inderøy.
-
1905-1908: Fortsetter som lærar, men no i Singsås i Gauldalen.
-
1907: Debuterer med Løglege skruvar og anna folk, ei samling historier.
-
1908: Marjane kjem ut. Denne boka hadde Duun truleg starta på tidlegare. Han gifter seg same året med Emma Møller frå heimbygda på Jøa. Dei to flytter til Botne i Vestfold. Duun blir lærar ved Ramberg skule, ein jobb han har fram til 1927.
-
1910: Dottera Dagmar vert født.
-
1914: Ekteparet kjøper huset Fjellvang, der dei blir buande resten av sine liv. Olav og Emma Duuns hus, som ligg i Holmestrand, er museum fra 1973.
-
1919: Duun er ein aktuell kandidat for Nobelprisen i litteratur dette året og i alt 12 eller 13 år framover.
-
1923: Duun mottek diktargasje frå Stortinget.
-
1927: Duun avslutter lærarkarriera.
-
1934: Vinnar av Gyldendals legat.
-
1936: Duun mottek Henrich Steffens-prisen.
-
1939: Olav Duun døyr den 13. september.
Bibliografien
til Olav Duun er lista opp kronologisk og med lenkjer til fulltekstversjonar under Om diktinga.