Vetle Vislie - forfattar, skolemann og ein inspirator for Duun

Vetle Vislie som rektor ved Kristiansand lærarskole 1908-1914. Bilete frå UiA sitt rektorgalleri, avfotografert av Torvald Slettebø.

Vetle Vislie (f. 21.09.1858, Skaftå i Tokke, Telemark, d. 07.02.1933 i Oslo.)

Da Olav Duun tok til på lærarutdanninga ved Levanger lærarskole i 1901, vart Vetle Vislie norsklæraren hans frå 1902. 

Opphaldet i Levanger markerte starten på Vislie si karriere innafor lærarutdanninga, etter at han i mange år hadde livnært seg som journalist og bladmann, lærar og forfattar.

Kontakten med Vislie fekk mykje å seia for Duuns utvikling som forfattar, og Duun og Vislie vart nære vener og brevvener i mange år etterpå. Truleg har Visle vore ein årsak til at Duun i tida på lærarskolen valde landsmålet som sitt mål, det som etter kvart også vart hans forfattarmål, med særmerke frå namdalsdialekt både i formverk og ortografi.

For ei utdyping om Vetle Vislie - sjå artikkel i Store norsk leksikon.