Biografi

Olav Duun, (eig. Ole Julius Raabye) 1876-1939.

Fødd 21. november 1876 på øya Jøa i Fosnes kommune i Nord-Trøndelag. Fødestaden var garden Stein, der mor hans Elen Jensdotter Fossum kom frå. Da Olav enno var nyfødd, flytta foreldra til Brakstad, Og etter det mellomlanda dei på Hov før dei slo seg ned på Øverdun.

Far til Olav var fiskar og bonde Johannes Antonius Olsen Duun, fødd 1851, same året som kona Elen.

Duun vaks opp på øya, mest på Dun (Øver-Don), nært bygdesentert på Jøa. Han budde heime til han var 25 år gammal, arbeidde på gard og var med på vinterfiske åtte eller ni vintrar. Der ute opplevde han skiftande ver og natur. Han såg korleis storm kunne piske opp havet og gjere forholda vanskelege og farlege både på land og hav. Forlis var ikkje framandt for øyboarane. Duun hadde naturleg nok god kjennskap om landskap og miljø, med folkeliv, språk og munnleg forteljekunst. Det meste av den litterære produksjonen hans har motiv frå heimtraktene, men som fleire andre store forfattarar valde han å busette seg langt unna heimplassen og skreiv om han på avstand.

Eit pietistisk frikirkemiljø hadde sterk innverknad på Jøa og Duun sin eigen familie, men Olav følte seg ikkje heime i den samanhengen, og han valde å ikkje bosette seg på øya meir. Etter utdanninga søkte han seg til lærarstillingar i Inderøy og Singsås.

Saman med kona Emma (f. Møller, også ho frå Jøa) flytta han med tida til Botne i Vestfold, som no er ein del av Holmestrand kommune.
I 1923 fekk Duun diktarlønn og i 1927 gav han opp læraryrket. Han budde i Holmestrand til sin død, i 1939.
Sjølv om han ofte er omtalt som Holmestranddiktaren Olav Duun, er det frå Namdalskysten miljøskildringar og motiv i diktinga hans er henta. Dei to mest sentrale verka hans er Juvikfolke (6 bind i åra 1918-1923) og Medmenneske-trilogien (1929-1933).

I si samtid vart diktaren møtt med stor respekt både i inn- og utland. Han var kandidat til Nobelprisen i litteratur mest kvart einaste år i perioden 1924-1939, men han nådde aldri opp.
11. november 1926 var dei i avisa Aftenposten faktisk så sikre på at nordmannen kom til å få prisen at avisa feilaktig kunngjorde han til vinnar. Da det viste seg at George Bernard Shaw vann prisen med ei einslig stemme meir enn Duun, kalte dei konkurrerande avisene, med Dagbladet i spissen, overtrampet ein offentleg skandale. Redaktør Frøisland i Aftenposten måtte dementere og beklage offentleg og sende orsaking per brev til forfattaren same dag.

Kritikarar framhever det universelle i diktinga til Duun, det allmennmenneskelege i karakterane og det som hender med dei. I Juvikfolket skildrer forfattaren det norske bondesamfunnet frå 1800-talet fram til hans eiga samtid. Han skildrer ikkje berre livsløpa til dei enkelte karakterane, men også utviklinga og mentalitetsendringa frå generasjon til generasjon. Stor psykologisk innsikt er ein styrke hos Duun. Det same kan ein seie om dei rike og levande naturskildringane som var eit varemerke hos han heilt ifrå starten.

Duun fekk etter kvart ein svært sterk posisjon i Tyskland. Han mottok Henrik Steffens-prisen i april 1937. Tildelinga blei gjort kjend på seinhausten 1936. Diktaren var godt orientert om dei politiske forholda i verda utenfor Norge. Sjølv om han ikkje var blind for kva som var i emning i Tyskland etter at Hitler overtok rikskanslerposten, meinte han at det var viktig å halde den kulturelle kontakten med landet ved lag, og takka derfor ja til prisen. Det var det akademiske miljøet i Tyskland som initierte prisen. I 1936 var tyske akademikarar framleis relativt uavhengige av den tyske nazistaten ideologisk sett, men norske aviser reagerte med å teie tildelinga i hel. Dette var ikkje den beste tida for å ta imot heider fra tysk hald.

På dette tidspunktet hadde den norske forfattaren gitt medhald til pasifisten Carl von Ossietsky, som var dømt for landssvik og spionasje i Tyskland. Ossietsky mottok Nobels fredspris i 1936. Dette vart klart bare få dagar før avgjerda om at Duun skulle ha Steffens-prisen, og nazistane var mildt sagt misfornøgde med det den norske Nobelkomiteen hadde gjort.

I 1938 kom romanen Menneske og maktene. Handlinga foregår på det fiktive Øyværet, som ut ifrå framstillinga liknar svært på øygruppa Sør-Gjæslingan utanfor Namdalskysten. Menneska på øya venter på storflaumen som vil øydelegge heimstaden deira. Kva kan de gjere? Valet står mellom å resignere, røme eller reise seg og kjempe imot. Enkelt fortald setter dei religiøse sin lit til Guds vilje og går under, mens dei som reiser seg og kjempar i mot overlever. Menneske og maktene kan lesast som eit varsel, der Duun uroar seg over det politiske klimaet i Europa og ein mogleg krig vert skildra allegorisk.
13. september 1939 dør Olav Duun. Den 1. september same år hadde Tyskland starta felttoget sitt mot Polen.