Bratland og Bjørnhaug klare for Duun-stemnet 2015

I desember vart enda nokre gode innslag klare for Duun-stemnet i juni 2015:

-Vi kvitrar som fuglen etter å ha sikra oss visesongaren Ingebjørg Bratland og skodespelaren Ståle Bjørnhaug til vårt Olav Duun-stemne i Namdalen 2015.

Bratland skal halda konsert i Dun kirke laurdag 20. juni. Med seg har ho pianisten Andreas Utnem.

Skodespelar Ståle Bjørnhaug skal ha ei Duun-opplesing på arrangementet i kirka. Det blir og eit lokalt kulturinnslag. Vi har kalla arrangementet “Stemnekonsert med noko attåt”, seier stemnesekretær Torgeir Strøm.

Ingebjørg Bratland er ein av Noregs fremste unge utøvarar innan vokal folkemusikk. Ingebjørg har med si unike stemme utmerka seg som en utøvar som går nye vegar og som gjerne utfordrar sine folkemusikalske røter. Mange minnes Ingebjørg som "ho som fekk kongen til å gråte", då ho song "Den fyrste song" for Kong Harald, på hans 70-årsdag.

Ingebjørg, født i 1990 i Vinje i Telemark, skriv sine eigne låter og akkompagnerar gjerne seg sjølv på gitar. Ho er eit kjend andlete i folkemusikkmiljøet. Ingebjørg har delteke på fleire plateinnspelingar, m.a. på HKH Kronprinsesse Mette-Marit si salmeplate som kom ut våren 2008.

Trass sin unge alder har Ingebjørg alt blitt ein omreisande og scenevant artist. Ho har opptrådt med artistar som Odd Nordstoga, Espen Lind og Oslo Filharmoniske orkester. Våren 2010 var Ingebjørg gjestesolist i Team Tuva (Valkyrien Allstars) på "Det Store Korslaget" på TV2.

Ingebjørg samarbeidde med Forsvaret sine ulike orkestre i 2012 samtidig som ho spela inn albumet "Heimafrå" saman med Odd Nordstoga. Og for dette albumet fikk dei Spellemannsprisen!

Ståle Bjørnhaug, opprinneleg frå Verdal, er kjend som ein betydeleg dramatisk skodespelar med ei uvanleg stor spennvidde. Mange vil nok huske han i rolla som Håkon i NRK si filmatisering av Medmenneske frå 1981. I 2012 avslutta han karriera etter meir enn 50 år som skodespelar, men heldigvis for Duun-stemnet held han seg framleis aktiv på det området, også som pensjonist.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

 Ståle BjørnhaugSSFoto:Foto: