Innhaldsrikt stemne med "Livets teater" som tema

21.-23. juni 2019 er det igjen duka for Olav Duun-stemnet i Namdalen, som alltid på Jøa. Stiftinga Olav Duun i Namdalen har også i år satsa på å få til eit godt og variert program og tar i bruk krefter frå både lokalt og nasjonalt hald.


Turnéteatret i Trøndelag syner "Gud smiler" fredag 21. juni. Regissør for stykket, Otto Homlung, vil vere til stades på litteraturseminaret laurdag i selskap med Duun-forskar Grethe Fatima Syed og skodespelar Hildegunn Eggen. Da blir det samtale, spørsmål og debatt rundt temaet Olav Duun si dikting på teaterscenen.

Fredag blir det teaterbad i staden for bokbad: Bjørg Tingstad samtaler med sjef for Turnéteatret, Nora Evensen, og dei to skodespelarane får "Gud smiler", Emilie Mordal og Kristoffer Hjulstad (biletet).

Det blir også presentasjon av Jostein Holmen si bok, og Stein Torleif Bjella held konsert laurdag kveld.

 

Praktisk info for gjester på stemnet:

Stemnekontor og billettsal:
Stemnekontoret, tlf. 992 77 114, er i Olav Duuns barndomsheim på Øver-Dûn. Åpningstid: fredag 12-17, laurdag 10-16, søndag 10-15.

Omvisning i barndomsheimen kr 50/10/500 (grupper).

Billettar til arrangementa blir selt ved inngangen.
Du kan førehandsbestille billettar til teaterforestillingane. 

Serveringsstader og overnatting:
Faksdal Brygge og Pøbb, tlf. 938 41 976, sel lunsj, middag og drikke m.m. Åpent fredag og laurdag kl 12-02, søndag kl 14-21.

Stiklingan / Fosnes Sanitetsforening sel kaffe/te og småmat i fleirbrukshuset Fyret.
Fredag kl 17-20, laurdag kl 10-15.30 og kl 18-22.

Pøbben, Brakstad Hamn, tlf. 905 21 919.
Åpent fredag og laurdag frå kl 14, søndag frå kl 10.

Fru L, tlf. 481 59 159, Fosnes gamle prestegård: Kafè og bruktbutikk.
Åpent kl 12-22 på fredag og laurdag.

Overnatting på Jøa i hytter og hus, ring Åsa S. Tranås, tlf. 995 98 388.

Overnatting utanfor Jøa: Collett Lodge/Mo gård (Salsnes) tlf. 74287101, Hotell Scandic Rock City (Namsos) tlf. 74224000, Tinos Hotell (Namsos) tlf. 74218000. 

Kultur, utsal, sanitæranlegg og friluft:
Tranås jernaldergård (Janheim): for omvising ring tlf. 918 43 603.

Olav Duuns barndomsheim, sjå stemnekontor.

Seglloftet, Brakstad, tlf. 905 21 919: Åpent på bestilling.

Coop Marked Jøa (Dun) tlf. 74286836 / 980 42 948.

Nærbutikken Jøa med Kafè Paradis (Seierstad) tlf.74286799.

Døgnåpent sanitæranlegg i tilknytning til butikken på Seierstad.

Utsiktsområde: Rakkavika fiskeplass og tursti, kaffesal søndag 12-14 (Saniteten) 

Transport:
Jøa Taxi: tlf. 913 51 416.

Ferje og hurtigbåt: sjå www.fosennamsos.no

Båthamner: Brakstad, Seierstad, Faksdal.

Sykkelutleige: Brakstad Hamn, tlf. 905 21 919.