Årets stemneforfattarar er på plass

Forfattarane Margaret Skjelbred og Eivind Hofstad Evjemo skal vera med på bokbad under Olav Duun-stemnet i Namdalen 2015. Bokbadet blir fredag 19. juni kl. 19.30 på Tranås Jernaldergård med Bjørg Tingstad som badevert.

Margaret Skjelbred vil og halde eit foredrag på litteraturseminaret dagen etter. Ho har sidan 1983 gjeve ut ei rekkje diktsamlingar, romanar og barnebøker. For dei som har lyst til å lese seg litt opp på Margaret Skjelbred før stemnet, har vi desse lesetipsa: ‘Gulldronning, perledronning’ (2004), ‘Du skal elske lyset’ (2011), ‘Det lir mot kveld’ (diktsamling 2014) 

Eivind Hofstad Evjemo har sine røter i Levanger og fekk i 2009 Tarjei Vesaas debutantpris for si første bok "Vekk meg hvis jeg sover". Han har og fått gode bokmeldingar for dei siste to bøkene "Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet" (2012) og "Velkommen til oss" (2014).

Med utgangspunkt i at ‘Kunstnaren’ er hovudtema på stemnet, kjem det ei siste lesetilråding:  ‘Storbrylloppet’ av Olav Duun. Her får vi høyre mykje om kunstnaren Ola Håberg.