Vigdis Hjorth og Kjersti Annesdatter Skomsvold har begge fått prisar for diktinga si og er blant dei mest spanande romanforfattarane i Norge i dag. Stemnedeltakarane kan bli betre kjent med Hjorth og Skomsvold på bokbad og lesekveld fredag 28.juni på Tranås jernaldergård. Vigdis Hjorth skal og ha innleiing på litteraturseminaret dagen etter, om barnet i samtidslitteraturen og notidssamfunnet.
Kvart år omlag midt i juni er det Duun-stemne i Holmestrand, som del av Holmestrand Kulturfestival. I år blir det foredrag av av Grethe Syed, om karakteren Ola Håberg fra Juvikfolket.
I si samtid vart Olav Duun møtt med stor respekt og særs gode kritikkar, både i inn- og utland. Han var kandidat til Nobelprisen i litteratur mest kvart einaste år i perioden 1924-1939, men han nådde aldri opp.