Duun-stemnet i Holmestrand 2012

Eit triveleg Olav Duun-stemne vart avvikla i Holmestrand 16. juni. Vel 40 personar var til stades i år. Professor Ole Martin Høystad haldt eit interessant foredrag om Olav Duun sitt livssyn med utgangspunkt i Odin-skikkelsen i Juvikfolket. Arild Sundt sang og spelte gitar. Torgeir Strøm bragte med ei helsing frå Olav Duun-stiftinga i Namdalen. Folk koste seg også med kaffe og vaflar i den flotte hagen utafor Duun-huset i Holmestrand.

Vi har fått eit referat frå arrangementet frå Vidar Langestrand, Jarlsberg avis.

Fleire bilete frå arrangementet: